Dalasauen
Utdrag fra boka Dalasauen som ble utgitt i 1960-årene. Her har Jon Sæland skrevet om hvordan dalasauen oppstod.
Korleis dalasauen vart
til.
Frå 1908 til 1918 var underskrivne styrar av jordbruksskulen i Østerdalen
og
samstundes - frå 1912 - medlem av Høgfjellskommisjonen som i den
tidi hadde
mykje arbeid millom anna i Vossabygdene, i Aurland og i dei innste bygdene i
Hardanger. Serleg var det i høgfjelli som høyrde desse bygdene
til at kommisjonen
vanka mykje. Soleis fekk eg godt høve til å sjå sauen her.
No var Bergensbana
komen og soleis ville det falla lett og rimeleg å senda sau t. d. frå
Voss og austum
til heile Austlandet som i dei dagar hadde det sers ringt stellt i sauvegen,
og samleis
med Trøndelag. Det var lite gjort for å fremja saualet i desse
landslutene.
Lite sau var det, og den som hadde kome i utur med lambingi soleis at denne
av og til fall utetter vinteren - etter paring på sambeite um sumaren.
Men på
dette viset var det svært få som hadde greidd å halda sauflokkane
sine verkeleg
gilde eller rasereine. Det hadde vori freista med fleire utenlandske sauslag
fram
etter åri soleis med tauter, leicester, oxford down og ymse typor av kvithovda
sau,
serleg sjeviot. Den gamle norske spælsauen var heilt burte som rein rase.
Mest alt
var blanding, i alle fall mest av alt av den sauen som um sumaren gjekk på
sambeite.
Mest var det kvithovda sau som tidt vart kalla sjeviot endå han sjeldan
var reinrasa.
I Østerdalen hadde me frå jordbruksskulen (Storsteigen) teke upp
eit ålvorsamt
arbeid til fremjing av saualet. Det fyrste var å få orden i alet
m. a. få burt vinterlambi.
Det lukkast å få Stortinget til å vedtaka Handyrlovi soleis
at sauparingi um sumaren
kunne bli burte. Denne lovi kom i 1919 og smått um senn kom det orden
i alet. Kvar
og ein av saualarane kunne no hava det sauslaget som dei ynskte.
Eg hadde sett at Vossabygdene jamnt yver hadde betre sau enn austum m. a. i
Østerdalen der eg hadde arbeitet mitt. Sauen vart kalla sjeviot i Vossabygdene
med,
og vart dømt på dei lokale suasjåi under dette namnet. Men
berre sjeldan var det rein
sjeviot. Tidt var han noko større enn sjeviot - som ætta frå
Hodne - og var spakare
enn han. Utsjånaden var og for det meste litt onnorleis: Han hadde tyngre
hovud, rakare
nos og litt større og slakare øyro enn hin. Det var klårt
at han var attiblanda noko som
skilde han frå reinrasa sjeviot av det høgskotske slaget som alt
i mange år i stor skala
var spreidd frå Hodne.
Alt ihopkome, tykte eg at sauen i Vossabygdene var triveleg og gild under det
tilhøvi
han hadde med inneforing um vinteren og gode fjellbeite um sumaren. Han var
havande
austum, tenkte eg. Soleis reiste eg i fleire haustar etter einannan til Voss
og kjøpte upp
fleire jarnvegsvogner livsau til Østerdalen og Solør. Dette var
fyri 1918. Men dette året
vart eg tilsett som statskonsulent i saual, og radt sende eg søknad til
Stortinget um å få
skipa til eit statsjå for sau på Voss. Ja, det gjekk. Fyrste sjået
vart halde hausten 1919
og sidan kvart år solenge eg stod som statskonsulent, 28 år. No
var vegen greid.
No fekk eg med vossasjået som grunnlag høve til å skipa til
eit sauslag som ikkje
berre var høveleg for mange av fjord- og fjellbygdene på Vestlandet,
men for Austlandet
og Trøndelag med. Ja, mest trongst vossasjået for desse landslutene
m. a. for å få burt
vinterlambingi som det ikkje var noko nemnande av vestum fjell, men som var
vanleg yvi
heile Austlandet og Trøndelag. Enn på Agder då? - Ja, der
vart det skipa til eit statsjå som
jamvel gjekk ivegen - på Tonstad i Sirdal - eitt år tidlegare enn
på Voss (1918) og her hadde
dei eit sauslag som likna mykje sauen i Vossabygdene - endå han her i
mange år var dømd
som sjeviot.
Det gjekk godt, må eg seia, både på Voss og i Sirdal. Folket
var uvanleg ihuga og var med
på framgangs-arbeidet av heilan hug. Endå eg alt frå fyrste
tid var klår yver, at det på båe
desse statssjåi burde skipast til ein sau som høvde for Austlandet
og Trøndelag og, var tilhøva
soleis på Voss i alle fall, at sauen der dei tri fyrste åri - 1919
til og med 1921 - laut dømast som
sjeviot, endå mykje av han var meir eller mindre blanda med "det
lavøyrde slaget". Men med
kvart gav alt for stor mothug å halda på med å døma
dette som sjeviot. Difor vart det alt i 1922
sett upp ei deild med vossasau. I denne vart det samla alt som klårt svipa
på "det lavøyrde slaget".
Det møtte alt fyrste året 67 nummer i denne deildi, men 34 nådde
ikkje premi - endå dømingi laut
vera linn fyrste året. På lag det halve var verar, resten gimbre-
og søyeflokkar. Berre 10 av desse
og tri av gimbreflokkane nådde premi.
Frå 1923 vart vossasau-namnet stroke og namnet dalasau teke istaden. Dette
namnet vart seinare
bruka alle stader der denne sauen skulle fram og det er no velkjend yvi heile
landet.
I 1923 møtte det på Voss 25 nummer i dalasau-deildi, i 24 60 og
i 1925 84 nummer, medan resten -
85 nummer - framleis vart dømt som sjeviot.
Men frå 1925 og ut etter minka det kvart år fort av med sjeviot
og auka tilsvarande med dalasau.
Sisst i 30 åri var det att berre nokre få nummer av sjeviot, til
sist berre eit nummer. Det var Steffa
Haugo som ikkje greidde å sleppa sjeviotsauen sin - som var sers fin -
endå han, den gamle
kjempekaren, no var ein skjelvande olding. Han gjekk med i ringen likevel.
Alt frå fyrste året då dalasauen møtte på vossasjået
og fekk namnet sitt, vart det stendig under
dømingi av han halde fast på at han skulle vera stor og spaklyndt.
Det vart aldri slege av på dette
kravet solenge eg hadde styringi (til og med 1945). Dette meinte eg var turvande
um dalasauen
skulle få retteleg stort rom i landet, for den sauen som han skulle taka
plassen til - sjevioten - var
det mange stader helst stort klagemål på. Folk tykte han var so
ille skjerr og vanskeleg å sanka
heim frå fjell og skogar. Attåt dette tykte dei han var noko liten
og gav for små lamb til slakt um
hausten. For no hadde det vorte vanleg å slakta lamb, ikkje nemnande av
risbit-sau. Serleg var
klagemålet stort yvi tviburalambi av sjeviot.
"Det lavøyrde slaget" hadde eg set minningar av mange stader
i landet fyrr eg vart statskonsulent,
soleis t. d. i øvre Telemark, i dei øvre dalane i Agder (serleg
Sirdal), på Jæren og i Ryfylke, i
Hardanger og i Vossabygdene. Like eins i SOgn og nord etter i dei inste fjordane
kav til Ålvundeid.
Det var nok restane av den engelske leicestersauen som folk hadde namngjeve
soleis avdi han hadde
store og lågsette øyro (som lava meir eller mindre). Me hadde alt
so tidleg som i 60 åri havt leicestersau
t. d. på Ås, på Fornebu hjå Lindequist, hjå Nils
Juel på Halsnøyi og hjå kapteinane Christensen og Tillisch,
Vik i Sogn. Frå denne siste staden var det i 70 åri selt ikkje få
livbeist til Vossastrondi og her hadde dei
formeira seg so mykje og halde seg so godt uppe, at smalen i denne bygdi svipa
meir på leicestersauen
enn nokon annan stad i landet. Her var det framifrå gode beite og godt
sauhøy og bygdi låg avsides
og hadde lite samband med andre bygder. I Vik hadde dei "fylgt bedre med
tidi" og soleis i torum
gjenge yver til sjeviot. Soleis var det at Vik var ei av dei fyrste og vissaste
kjøparar av dalaverar på
vossasjået alt i 20 åri. Men storparten av den dalasauen som vart
selt frå vossasjået og Vossabygdene
dei fyrste åri etter at sjået vart halde, gjekk austum - til dalane
på Austlandet - og til Trøndelag.
I mange år gjekk det vognlast etter vognlast austum fjellet med livsau
av "dalaslaget" som hadde
fenge vind i segl tilgangs etter at det alt i mange år hadde vori selt
einskilde beist, serleg verar, aust
og nord etter og sud til Agder og Rogaland. Einskilde verar (mest), mange hadde
eg sjølv kjøpt åt
folk, serleg til Agder, Austlandet og Trøndelag. Soleis hadde slaget
fort vori kjend. Her må eg nemna
veren Leiv 53 som eg kjøpte til Sirdal av Torbjørn Dagestad som
var smed i Holbygdi. Denne veren
synte seg å verta so høgt akta, at han på få år
langt på veg skapa um sauen i heile Sirdal og lenger
aust i Agder med.
Når eg nemner einskilde best, vil eg au nemna tvo flokkar søyor
med lamb som Anders K. Møn,
Voss, møtte med på fyrste sjået (1919). Serleg den eine flokken
(3søyor med 5 lamb) var so gild,
at han var langt framum alt anna som møtte på sjået. Det
var som noko tok hardt i meg radt eg fekk
sjå han og let meg tenkja: Her er mynsteret for den (dala)-sauen me må
arbeida fram. Det var sjeldan
store søyor med etter måten endå større lamb, uvanleg
store lamb. Og alt hadde sers god bygnad, mykje
og god ull, store og slake øyro, rak nos. I 1922 nådde desse flokkane
2.premie båe - som dalasau
(vossasau) og Møn fekk 1.premi for veren Harald 3. Nokre år tidlegare
hadde eg kjøpt Mønsveren
2 av han til Østerdalen. Båe desse verane hadde Møn kjøpt
frå Vossastrondi, den fyrste av Gulleik
Engjaland, den andre av Anders S. Skjervheim.
Etter kvart som tidi gjekk og vossasjået fekk stor tyngd i seg som midtstaden
for dalasauen, synte
det seg meir og meir, at alt det beste som møtte og nådde fram
til høge premiar hadde roti si på
Vossastrondi. Denne bygdi kan med soleis seia er fyrste heimstaden for dalasauen,
soleis Myrkdalen,
Uppheim og Holbygdi. Men
kor hadde dei fenge denne sauen sin i frå? Det var nok mest frå
Vik i Sogn.
Her hadde kapteinane Christensen og Tillisch kjøpt inn leicestersau frå
England alti tidleg i 60 åri, og hjå
desse og kan henda andre med hadde strendingane kjøpt seg aledyr og fare
heim med dei yvi Vikafjedle.
Det går elles gitord um, at det jamvel so tidleg som i 1855 haddde kome
ein flokk leicestersau til Vik.
Soleis har det nok vori mykje av dette store og spake sauslaget i denne bygdi
i 60 - 70 åri. Men noko
seinare kom det sausjå i Vik som drog fram sjeviotsauen so sterkt, at
leicesteren og leicesterblandingane
langt på veg kom burt. Noko skulle det elles vori att t. d. i Framfjorden.
Men til Vossastrondi var det no
kome inn så mykje av det store, speke sauslaget, at dette heldt seg godt
uppe i denne bygdi. Jamvel so
seint som i 1919, då fyrste statssjået vart halde på Voss,
hadde denne bygdi halde uppe leicesterblodet
godt endå ein på dei offentlege sausjåi hadde freista knyla
det ned med å døma sauen som sjeviot.
I 1926 vart det fyrste bandet gjeve ut av Ættebok for verar av dalaslaget.
Dette og dei seinare bandi
heldt no i samband med statssjået på Voss og i Sirdal hand um dalasauen
i nokre år ut etter til det vart
fleire statssjå som fekk so mykje gild dalasau, at premieverane frå
desse kom med i ætteboki. Fleire av
sjåi vart elles etter kvart so gode at dei langt på veg tevla med
Voss t. d. Åseral, Kvinesdal, Gol, Fåvang,
Tynset og Soknedal (Meldal).
Då eg var på Vossastrondi for å samla tilfang til ættebok
for dalaverane, gjekk eg - truleg våren 1925 -
gardimillom m. a. hjå alle som hadde ord for å have gild smale og
kåra dei beste søyone som var å finna
i dalaslag. Eg merkte søyone med ein metallknapp i øyret. Det
var ei sers forvitneleg og lærerik reis, som
ikkje berre kom saualarane til nyttes, men som vart meg med til gagn under seinare
døming av dalasauen.
Professor S. Berge, Institutt for husdyravl ved NLH, seier at dalasauen er laga
ved krysning av leicester
med sjeviot og gammelnorsk sau, men i den mannsalderen underskrivne har arbeidd
med dalasauen har eg
aldri set minningar um, at det er spælsaublod i han. Dette hadde i tilfelle
vilja synt att på øyro og halen og
på hårlaget i andlitet på dalasauen. Men ingen stad er det
framme. På Vossastrondi, der dalasauen har
den upphavlege heimstaden sin, har sjeviot vori sers lite framme. Men då
det ender og då kom inn nokre
verar frå sist i 90 åri og utetter, vart dei fort utreinska att,
avdi folk tykte det som fall etter dei vart for
smått. Det er sers lite sjeviot i den dalasauen som vart dregen fram i
mi tid. Etter 1945 ottast eg at det
er verre i so måte.
Når ein skriv um korleis dalasauen vart til, lyt Fargareveren på
Vossastrondi nemnast. Han fekk so
mykje å seia der, at det ikkje vart gali um me segjer, at dalasauen langt
på veg ættar frå denne eine
verene, attåt Brattåkerveren (kjøpt frå Lars Brattåker,
Laksevåg) og Tvinneveren.
Til slutt nokre ord um den veren som truleg er den beste som dalasauen har havt:
Dølakar 46 57.
Han er fødd og alin hjå Steingrim Roen, Ål i Hallingdal.
Han har ikkje krokut, men rak nase, låg skalle,
store slake øyro, rak rygg, lang og rak lend, store lår, grove
og rake føpter, stort bryst, breid mule,
mykje og god ull - stor og spkalyndt.
Med mothug har eg set, at dei seinste åri har det apa seg fram ikkje lite
av stutte kroppar, krokute
nasar, smale føter og for smale eller høgreiste øyro. At
dette er lyte på ein dalasau.
Um dalasauen skal greia å halda seg uppe og gå vidare fram må
det ikkje gløymast at dei førande
flokkane må hava rette dalasvipen. Det er ikkje nok at kroppen og ulli
er god - som sume vil hava
det til.
Ja, no har eg skrive litt um eventyret kring dalasauen som med hjelp frå
hundradvis skarpskodde
saualarar har sprutte fram i landet på velso 30 år, og på
kring 40 år har vunne seg so stort eit rom
i landet, at det i dag truleg er mykje meir av denne sauen enn noko av dei andre
slagi, sjeviot
medrekna. Det må vera sjøvsagt, at når dette sauslaget på
få år har nådd fram, må det vera
avdi store luter av alndet kjenner seg betre tent med det enn noko anna av dei
slagi me har i landet.