Utstillingar
Dei årlege utstillingane finn stad på hausten i september/oktober. Alle ho-dyr vert dømde heime på gardane, når det gjeldt hanndyr er det ulike reglar og praksiss i dei ulike fylka. Nokre stadar vert hanndyra samla på ein lokasjon, andre stadar må all dømming og kåring av vêrlam skje heime på gardane til liks med hodyra.
All dømming av vaksne dyr, og kåring av vêrlam kan berre gjerast av Landslaget sine godkjende dommarar, og det er styret i fylkeslaga som bestemmer kven som skal nyttast som dommarar kvart år. Arbeidet med dømming og kåring er kjerneverksemda til Landslaget, og det er gjennom dette arbeidet ein kan få gjort opp status på kvaliteten på dyra, og skild dei beste avlsdyra frå dei andre.
Dei siste åra er det gjennomført utstillingar i Engerdal, på Toten, i Hægebostad, i Kvinesdal, i Rogaland, på Voss, i Selbu, i Verdal og i Møre og Romsdal.